Info om Norgespris
Norgespris er ei ny statleg ordning som skal gje deg ein forutsigbar straumpris gjennom året. Ordningen gjev en fast pris per kilowatt timer (kWh) for straumforbruk heime og på hytta.
Norgesprisen for perioden 01.10.2025 - 31.12.2026 er fastsett til 50 øre/kWh inkl. mva. I tillegg kjem påslag frå kraftleverandøren din. Du kan velge om du vil halde fram med dagens straumstønad eller gå over til Norgespris.
På same måte som med straumstønaden er det nettselskapa som skal administrere ordninga, men digital bestilling vil skje via Elhub. Digital bestilling krev Bank-ID. Det blir åpna for digital bestilling av Norgespris frå 24.09.2025 kl. 09.00..
Viss du ikkje har bank-id for elektronisk bestilling må du kontakte nettselskapet ditt.
Norgespris gjeld både for hushald og hytter, og gjeld straumforbruk opp til:
- 5000 kWh pr. månad for hushald
- 1000 kWh pr. månad for hytter
Du kan logge inn på "Min side Elhub" i Elhub for å sjå om det kan være gunstig for deg å velge Norgespris.
Dersom du ikkje gjer noko val vil du på bustaden din halde fram med straumstønad som i dag.