Selskap og forretningsområder
Vest-Telemark Kraftlag AS (VTK) driv med kraftproduksjon, kraftomsetning og fiber.
Kraftproduksjonen er organisert gjennom Skafså Kraftverk ANS (67%) og Sundsbarm Kraftverk (8,5%). VTK har fleire kraftprosjekt under utvikling og har Nye Gjøv Kraftverk under utbygging. Kraftverket som er eigd 80% av VTK AS i regi av Birtedalen Kraftverk AS vil gje VTK om lag 5 GWh ny kraft og skal starta opp produksjon i desember 2023.
Kraftomsetning dekker kraftsal til sluttbrukarar, kjøp og sal av kraft m.m. frå ymse småkraftprodusentar, kraftoppdekking og balanseavrekning. Virksomheten har som mål å auke talet på kundar gjennom aktivt sal både i og utanfor Vest-Telemark.
VTK sin forretningsstrategi innanfor fiber er å eige, byggja og driva fiberstamnett og aksessnett og dessutan nødvendige nodebogar innanfor våre eigar kommunar. Det kommersielle fibermarknaden med installasjonar hjå sluttbrukarar blir drive gjennom Telefiber AS, lokalisert ved hovudkontoret i Høydalsmo i Tokke kommune.