Via pulsmålaren kan du i App'n sjå sanntidsforbruket i anlegget ditt.

Pulsmålaren kostar kr. 695,00 + frakt for pulsmålaren og vidare kr. 19,00 pr.mnd. for datatrafikk. Du kan bestille pulsmålar via email til kunde@vtk.no og vi sender den i posten til deg.

Kople pulsmålaren til HAN-porten på straummålaren. For opning av HAN-porten på målaren kontakt netteigaren din.

Fest pulsmålaren på utsida av sikringsskåpet.

Pulsmålaren må stå å lade i HAN-porten i ca. 30 minutt før den kan brukast.

Legg Pulsmålaren til i appen. 

Vest-Telemark Kraftlag Puls gjev deg automatisk beskjed når du brukar så mykje straum samtidig at du risikerar dyrare nettleige. Du kan også sjekke kor mykje straum dei ulike elektriske apparata brukar - så veit du kva som er straumtjuvane hjå deg.

Det er lurt å fordele straumforbruket til dei billigaste timane. Me anbefalar likevel at du ikkje brukar elektriske apparat som kan vera brannfarlege når du søv - som td. vaskemaskin, oppvaskmaskin og tørketrommel. Under "spotpris" i appen får du full oversikt på straumprisen dei neste fem dagane.

Oversikt på prisar over dei ulike kapasitetsledda finn du hjå netteigaren din.app