VTK-app er ein mobilapplikasjon som gjev deg tilgang til informasjon om ditt kundeforhold, tilgang til ulike tenestar levert av Vest-Telemark Kraftlag AS (VTK) (org.nr. 955 996 836) og våre samarbeidspartnerar, samt tilgang til dine fordeler i fordelsprogrammet vårt. For å kunne ta i bruk appen må du vera kunde, eller bli invitert av nokon som er kunde hjå VTK.

Når du bruker appen behandlar me personopplysningane dine. Dette vil skje i samsvar med personopplysningsloven, og nedanfor finn du meir informasjon om korleis me behandlar personopplysningane dine når du brukar appen.

Behandlingsansvarleg for appen er VTK. Har du spørsmål om personvern kan du kontakte vår kundeservice.
kunde@vtk.no eller telefon 35 07 57 33.

 

1 Innsamling og bruk av personopplysningar
Når du tek i bruk appen ber me om ditt navn, fødselsdato og mobilnummer slik at du kan registrere deg i appen og få tilgang til informasjon om ditt kundeforhold via appen.

Når du tek i bruk appen, bruker me adressa du har registrert hjå oss til å tilby deg geografisk relevante fordelar gjennom fordelsprogrammet.

Dersom du har blitt invitert inn i appen av en person som er kunde av oss, koblar me dine personopplysningar saman med vedkommande sine personopplysningar, slik at rett informasjon kjem til syne i appen.

Etter kvart som me utviklar funksjonaliteten og tenestane i appen vil me be deg om tilgangar til informasjon i din mobiltelefon for å kunne tilby deg desse tenestane. Desse tilgangene kan du seinere styre via innstillingane til mobiltelefonen din.

2 Tenestar frå andre selskaper tilbudt via appen
I appen kan du kjøpe og bruke tenestar som me tilbyr i samarbeid med andre selskap. Dersom ei slik teneste inneber at du må gje personopplysningane dine til eit anna selskap, er det dette selskapet som vil vera behandlingsansvarleg for desse personopplysningane. Kjøp av slike tenestar inneber at me utleverer dine personalia og kontaktinformasjon til desse selskapa slik at kjøpet kan verifiserast og slik at du kan ta i bruk tenesten. Me mottek ikkje personopplysningane du gjev til desse selskapa med mindre du har samtykka til det.

3 Analyse av bruksmønstre
Me brukar sporingsverktøy fra Google Analytics og Firebase for å overvåke bruksmønstera i appen slik at me kan forbetre brukaropplevelsen.

4 Opplysninger me får frå andre
Undervegs i kundeforholdet kjøper me inn sannsynleghetsvurderingar om våre kundar frå ein ekstern leverandør, og desse vurderingane er basera på statistiske analyser av resultat frå spørjeundersøkelsar og aggregerte data frå offentlege register slik som for eksempel folkeregisteret, skatteetaten, Netlife og Statistisk sentralbyrå (SSB).

5 Utlevering av personopplysningar
Din bruk av appen inneber ikkje at me utleverer personopplysningane dine til andre, med mindre me er pålagt det gjennom lov eller via andre behandlingsgrunnlag.

6 Dine rettighetar
Etter personvernregelverket har du ein generell rett til innsyn i, og retting eller sletting av personopplysningar. Du har også rett til å protestere mot behandlinga, rett til begrensning av den og rett til dataportabilitet. Har du spørsmål om rettighetane dine kan du kontakte vår kundeservice. Dersom du meiner at me ikkje behandlar personopplysningane dine i tråd med personvernregelverket, har du rett til å klage til Datatilsynet.

7 Endringar
Denne personvernerklæringa vil me koma til å endre utan vidare, dersom det fylgjer av lovpålagte krav eller dersom me utfører mindre endringar i appens funksjonalitet.

14.06.2022