Nye Gjøv kraftverk vil utnytte fallet mellom Brutjønn og Sandane. Kraftverket vil vera på 0,99 MW (990 kW), ha ei vassføring inntil 1,9 m3/s med eit fall på 67 meter. Forventa årsproduksjon er 5,3 GWh. Byggekostnaden er budsjettert til 34,2 mill. kr.

Det blir ei røyrgate på  800 meter, eit inntak i Brutjønn med eit bygg på 18 m2 og ein stasjon ved Sandane på 69 m2. Røyrgata vil bli nedgraven; lekeeins alle elektriske kablar med tilkopling til distribusjonsnettet (22 kV linja til Birtedalen).

Det blir 400 meter ny veg til kraftstasjonen frå avkøyrsla til hyttefeltet Tveråberga. Denne vegen vil erstatte tidlegare traktorveg/sti ned til Sandane.

Nye Gjøv kraftverk blir organisert som eit aksjeselskap der VTK AS eig 80% og Lassemo eig 20%.