Sundsbarm kraftverk ligg ved gamle Lakshøl Bruk i Seljord kommune. Kraftverket vart sett i drift i 1970. Turbinen ligg inne i fjellet, men administrasjonsbygget og inngangen til fjellhallen ligg godt synleg frå E134.

Sundsbarm kraftverk utnyttar eit fall på 480 meter frå hovudmagasinet Sundsbarmvatn. Nedslagsfeltet er på heile 418 kvadratkilometer og omfattar kommunane Seljord, Kviteseid, Tokke og Vinje. Frå Sundsbarmvatn blir vatnet ført gjennom ein 6,6 kilometer lang driftstunnel med sedimenteringskammer, svingkammer, varegrind og røyrbrotventil, for så å sleppast ned i eit stålfora trykksjakt til kraftstasjonen. Etter at vatnet har passert turbinen, som er av typen Francis, blir det ført ut i avløpstunnel til elva Vallaråi, som munnar ut i Seljordsvatn.

Maskinhallen inne i Skorvefjellet blir kalla «Skorvekatedralen». I denne «katedralen» kan publikum nyta ein årleg jolekonsert. Kraftverket har ein installert effekt på 103 MW. Sundsbarm kraftverk er eigd av Skagerak Kraft AS (91,5%) og Vest-Telemark Kraftlag (8,5%).