Gausbu Kraftverk stod ferdig i 1996. Kraftverket ligg inne i fjellet i vestenden av Gausbuvatn i Tokke kommune.

Gausbu har eit aggregat på 7,2 MW, ei slukeevne på 9,6 kubikkmeter pr. sekund og er ein del av utbygginga som skjedde på 90 talet i Skafså. Kraftverket er det øvste kraftverket i Skafså strengen og nyttar fallet på 85 meter mellom Borsæ og Gausbuvatn. Vatnet går i ein 4 km lang tunell frå inntaket ved Borsæ dam og ned til kraftstasjonen som ligg inne i fjellet nede ved Gausbuvatnet. Frå stasjonen går den produserte straumen i ei kabelsjakt opp til høgspentbygget som ligg synleg i dagen.