Åmdal Kraftverk stod ferdig i 1953. Kraftverket ligg ved Åmdals Verk i Tokke kommune og har i dag eit aggregat på 21 MW, ein slukeevne på 10 kubikkmeter pr. sekund og er det største kraftverket til Skafså. Det nyttar fallet på ca 265 meter mellom Hylebu og Bjorhylen. Vatnet går gjennom ein 6 km lang tunell frå inntaket ved Hylebu før det kjem ut av fjellet og ned fjellsida i røyr ned til stasjonsbygget.