Osen Kraftverk stod ferdig i 1954. Kraftverket ligg ved Vråliosen i Kviteseid kommune og har i dag eit aggregat på 15 MW, ei slukeevne på 19 kubikkmeter pr. sekund og er det nest største kraftverket til Skafså. Det nyttar fallet på ca 94 meter mellom Skrevatn og Vråvatn. Vatnet går gjennom ein 3 km lang tunell frå inntaket ved Skrevatn før det kjem ut av fjellet og ned fjellsida i røyr ned til stasjonsbygget som ligg ved Vråvatn.