Grunnåi kraftverk ligg i Seljord kommune og er ein del av kraftsystemet i Skiensvassdraget. 

Grunnåi-vassdraget ligg hovudsakleg i Seljord kommune i Telemark og har gått ut sitt frå austsida av dalen til Vallaråi i Flatdal. Vassdraget har utspring i Slåkåvatn på Lifjell og blir demt opp på toppen av i Grisejuvet der også inntaket ligg. 

Kraftverket vart sett i drift i 2006 og utnyttar ei fallhøgd på 387 meter. I 2019 vart det installert eit ekstra aggregat slik at årsproduksjonen auka til 66 GWh. Det opphavlege aggregatet har ein installert effekt på 15,1 MW og ein årsproduksjon 55 GWh, medan aggregat 2 har ein installert effekt på 10,2 MW og ein årsproduksjon på 11 GWh. Turbinane er femstråla Pelton-turbinar som blir regulerte av vasstanden i inntaksmagasinet og tilhøyrande tilsig. 

Eigarar:

Skagerak Kraft AS 55%, Vest-Telemark Kraftlag AS 18% og ei grunneigargruppe med tilsaman 27%.