Skree Kraftverk stod ferdig i 1995. Kraftverket ligg inne i fjellet der Åmdalsåi renn ut i Skrevatn. Sjølve kraftverket ligg i Fyresdal kommune men er svært nær kommunegrensa mot Tokke. Skree har eit aggregat på 6,9 MW, ei slukeevne på 14 kubikkmeter pr. sekund og er ein del av utbygginga som skjedde på 90 talet i Skafså. Kraftverket nyttar fallet på 55 meter mellom Bjorhylen og Skrevatn. Vatnet går i ein 1 km lang tunell frå inntaket ved Bjorhylen dam og ned til kraftstasjonen som ligg inne i fjellet nede ved Skrevatn. Frå stasjonen går den produserte straumen i ei kabelsjakt opp til høgspentbygget som ligg synleg i dagen.