Frå Fyresvatn til Drang er det eit fall på om lag 7 meter som ikkje er utnytta til kraftproduksjon. Planane er å bygge kraftverket i utløpet av tappetunnelen ut frå Fyresvatn og sprenge ein ca 200 meter lang kanal nedstraums stasjonen for å utnytte heile fallet mellom Fyresvatn og Drang.

Det er inngått avtaler med grunneigarane og regulanten AVB om dei privatrettslege tilhøva og bruken av reguleringa. Kraftveket har fått fritak for konsesjonshandsaming, men NVE skal godkjenne tiltaket før anleggsarbeidet kan starte opp.

Hovudtrekka i den tekniske utforminga er no gjort i samarbeid med Sweco Norge AS. Detaljplan for Landskap og Miljø er utarbeidd og sendt til godkjenning. Denne planen vil bli sendt på høyring (av NVE).

Kraftverket vil få ein installert effekt på 2,7 MW med ei slukeevne på 45 m3/s. Tilknyting til distribusjonsnettet (22 kV-linje) vil bli med nedgraven kabel. Forventa produksjon vil vera 10 GWh/år.