VTK produserer 260 GWh fornybar straum i vasskraftverk og bidreg til reduksjon av fossil kraftproduksjon i det Nord-Europeiske kraftsystemet. Våre kraftverk påverkar ikkje det ytre miljø i særleg grad utover det som var kjent ved konsesjonshandsaminga. 

Me ynskjer å bli ein viktig lokal aktør innanfor produksjon av fornybar og rein elektrisk energi frå sola.

Det er no behov for å byggje ut meir kraftproduksjon i Noreg og Europa. Høge straumprisar og utsiktar for underskot på energi er ein drivar. Målet om å bremse den globale oppvarminga ved å redusere utsleppet av klimagassar ned mot null innan 2050 er eit anna.

Vest-Telemark Kraftlag ynskjer å ta ansvar i det grøne skiftet og vere ein del av denne utviklinga. Vi ynskjer å bli ein viktig lokal aktør innanfor produksjon av fornybar og rein elektrisk energi frå sola. Solkraftverk er blant dei teknologiane for ny kraftutbygging som har lågast pris per kWh, og som kan byggjast raskt og effektivt. Saman med regulerbar vasskraft og andre lagringsløysingar, vil solkraftproduksjon vere ein viktig, fornybar del av energimiksen nå og i framtida.